Hamdesmål

1.
Inkje var det no,
inkje i går,
lange tider
hev lidi sidan,
då Gjukes dotter,
Gudrun, eggja
søner unge
til Svanhild å hemne.


2.
«Ei syster de hadde
som Svanhild heitte.
Jormunrek henne
hivde på voll,
kasta ho for hestom
kvite og svarte,
gråe gangtame
gote-hestar.


3.
Burt frå tjodkongar
trengde de vert,
einaste renning
av ætt-greini mi.


4.
Einsam eg stend
som ei osp i skogen
fatig på frendar
som fura på kvister,
vantande voner
som ei vidje um haust
av lauv-jarnet skadd
ein solvarm dag.»


5.
Hugdjerve guten,
Hamde, då kvad:
«Liti ære
du leivde Hogne,
då dei Sigurd
or svevnen vekte,
på lægjet du låg,
men dei lo dei hine.


6.
Og dei blå-kvite
blæjune dine
raude vart farga
av blodet som rann.
Sigurd slokna,
du sat yver liket,
gleda var gjengi,
Gunnar so vilde.


7.
Deg sjølv vart det verst
det slaget mot Atle,
då Erp du myrde
og Eitil du drap.
Sårbeitte sverd
svinge ingen
andre til tjon,
so det tyner ein sjølv.»


8.
Sorle sae,
han var stødug og klok:
«Inkje antrast
eg med ho mor,
men det vantar eit ord
oss i millom,
den bøni du bed oss
ho berre veld gråt.


9.
No græt du for brødrar
og born so kjære,
for nærskylde frendar,
fallne i strid.
Gråte skal Gudrun,
gråte for oss tvo,
som feigdi fylgjer
til framand-landi. »


10.
Fræge Gudrun
ved grindi stod,
mjo-fingra møy
mælte til sonen:
«Tegjande trygt
kann de takast med alle.
Då tvo mann eine
kann ti hundrad gotar
baste og binde
i borgi den høge.»


[Det er no å segja um sønene til Gudrun at ho hadde fari so med herklædi deira at jarn ikkje beit på dei. Og ho bad at dei ikkje måtte skade seg med stein eller andre store ting, og sae at det vart dei til mein, um dei ikkje gjorde som ho hadde sagt].


11.
Gutane grutte,
då or garden dei reid.
Storvyrdig svein
på stræte dei fann :
«Tru no brun-hott
kann bjode oss hjelp?»


12.
Svara halvbror
han hjelpe skulde;
«som ettre foten
skal frende stydja,
som andre handi di
heng ved sida.»
«Kva mun i foten
som fylgjer etter?
kva hjelp gjev handi
som heng ved sida?»


13.
Erp då sae,
snøgg i målet,
på fljote folen
fór han sin veg:
«Blautingar sjølv
si braut lyt finne».
«Lat ’kje laus-ungen
laupe», vart svara.


14.
Sverdi snøgge
av slira dei drog;
Hel til hugnad
hoggi svirra.
Si makt med ein tridjung
minka dei då,
når unge sveinen
dei slo åt marki.


15.
Kappune slong,
sverdi klirra,
fram so fór dei
i fager-klædi.
Drog då drengjer
yver dogg-våte fjell
på hunlendske hestar
til hemn yver dråpsmenn.


16.
Gota-land der låg
med lidskjalvar store.
Høgt uppå borgi
stod Bikkes lydar.
Der var salen til sudtjoder
skipa med sessar
og strålande bunad,
med skinande skjoldar
var skjeld-tilet klædt.


17.
Fram fór dei vegjer
som varsla so ilt,
syster-sonen
såg dei dingle
i vindsvalt vargtre
vestan bøen.
Tranune taut,
trygt var der ikkje.


18.
I salen stuka
sellar kåte;
og gote-gutane
gådde ingen,
fyrr ljomande lur
lyden varsla.


19.
Inn vart det meldt
til Jormunrek
at hjelmbudde sveinar
var sedde på vegen.
«No rid dei til gards,
råd lyt leggjast;
drosi du drap
hev druste frendar.»


20.
Snudde han skjegg
og skratta, kongen,
briska seg upp,
byrg og øren.
Mot spegl-blanke skjold
han skok brune lugg,
gullstaupet let han
seg leike i hand:


21.
«Sælaste syn,
um sjå eg kunde
Hamde og Sorle
i salane her
basta og bende
med boge-strengjer,
gjukungar gjæve
i galgen dingle.»


22.
Skålene skrall,
det stuka i hall,
blodfossen gaus
or gote-hausom.
[Tvo mann eine
tusund ei orka
å baste og bende
i borgi den høge.]


[Hamde hogg av Jormunrek båe hendene og Sorle båe føtene.]


23.
HAMDE kvad:
«Kong Jormunrek
hev ynskt seg dette
at me brødrane båe
i borgi di var.
Her ser du hender,
her ser du føtene,
Jormunrek, hivde
i heite elden.»


24.
Som bjørnen bura
då brynje-kulten;
troll-kunnige
kongen bura:
«Steine då sveinar,
som skotfrie gjeng
for eggjar og geirar,
og jarn ikkje bit på!»


25.
SORLE kvad:
«Å, ille deg, bror,
at du belgen opna;
jamt or belgen din
illråd det renn.
Kva duger djervleik,
når dårskap styrer?
Mykje vantar
ein vitlaus mann.»


26.
HAMDE kvad:
«Av vøre hovud,
um Erp no levde,
frøkne frenden
me fellte på vegen,
dyre drengen!
Men diser meg eggja
te drepa trugne
trauste bror vår.


27.
Ilt å øve
ulve-verk
og beste vener veide
lik norne-hundar,
som hungeren driv,
alne i øyde-marki.


28.
Sterkt me stridde,
her stupte gotar;
lik ørnar på grein
stend me uppå ein lik-haug.
Frægd hev me fengi,
fèr so hel-veg;
den mann ser ’kje natt,
som norner hev merkt.»


[Då flaug det steinar imot dei frå alle leider. Og det vart dauden deira].


29.
Sorle stupte
ved sals-gavlen,
og bakum huset
Hamde slokna.


Dette kvædet er kalla Hamdes-mål det forne.