Atlekvida

Gudrun Gjukedotter hemnde brødrane sine soleis som det hev vorti vidspurt. Fyrst drap ho sønene til Atle, og sidan drap ho Atle og brende halli og heile hirdi. — Um dette er denne kvida yrkt.


1.
I old det var
at Atle sende
kunnige kjempa
som Kne-frød heitte.
Han til Gjukegarden
og til Gunnars hall reid.
Han bjor vart boden
og benkt attmed åren.


2.
Drottene drakk
drjugt i val-halli.
Men ottsame drengjer
dulramt tagde.
Kaldmælt Kne-frød
kalla til ljod,
sudrøne sellen,
som sat i høgsætet:


3.
«Atle meg baud
ærend å ride
på frøsande fole
gjenom framand myrkskog
og beda dykk, Gunnar,
til gilde å koma
med høgtids-hjelmom
og heimsøkje Atle.


4.
Sterke ask-skaft
og skjoldar fær de,
Hunalands gutar
og gullprydde hjelmar,
sylvslegne sâlar
og serkjer frå Valland,
frøsande folar
og fræge langspjot.


5.
Dei vene vollar
på vide Gnitaheid,
gjallande geirar
og gylte stamnar,
Danpar-staden
og dyre eigner,
den store moen
som Myrkskog er kalla.»


6.
Sitt hovud Gunnar
mot Hogne snudde:
«Kva sveiper den sellen
inn i slike boder?
Um gull veit eg ikkje
på Gnita-heii,
anna me jamgodt
eig det sjølve.


7.
Me salar hev sjau
som med sverd er fulle,
hjalti deira
er heilt av gull,
eg hev fljotaste folen
og frægaste sverd,
bogar på vegg
og brynje av gull,
komi or Kjars hall
er kvit-hjelm og skjold,
hævar’ enn heile
Hunalands dyrd.»


8.
HOGNE kvad:
«Kva meinte syster,
som sende oss ringen
vavd med varghår?
tru til å vara oss?
Kring raude ringen
var det reivt eit ulvhår;
me vargar vert vare
på vegen til Atle.»


9.
Tagde og tenkte
trauste frendar,
rauste råds-vener
rådlause sveiv.
Som det hovdingen høvde
helsa dei Gunnar,
hugheil i halli,
på heppa han leit:


10.
«Fram no Fjørne
og fyll i trøys,
lat gullskåli gange
greidt frå mann til mann !»


11.
Nivlunge-arven
kjem ulvar til råde,
gamle grå-fellar,
kjem Gunnar ei att.
Bek-svarte bjørnar
beiskt vil tonni
hogge i hausom,
vert hovdingen burte.»


12.
So fager ei ferd
fylgde herren
or huna-garden
med gråt og sukkar.
Då ynskte unge
erving til Hogne:
«Far heil og horsk, far,
der hugen stemner!»


13.
Fjellvegjer fljote
folane steig
gjenom ulende marker
i Myrkved-skogen.
Alt Hunaland skalv
under hardhuga sveinar,
der dei øykjene dreiv
yver ålgrøne vollar.


14.
Dei såg landet til Atle
med lidskjalvar store.
Høgt uppå borgi
stod Bikkes lydar.
Der var salen til sudtjodar
skipa med sessar
og strålande bunad,
med skinande skjoldar
var skjeldtilet klædt.


15.
Atle han drakk
med drottmennom sine
vin i valhalli:
vaktmann stod ute
skulde vitre um Gunnar
på vitjing der kom
med gjallande geir
og giren i seg.


16.
Syster det såg
at i salen kom inn
brødrane båe
— ho av bjor var kje ør —:
«Gakk ut, Gunnar,
du greider deg ikkje
mot harme hunar
som er huga på svik.


17.
Det høvde betre deg, bror,
at du brynje-klædd stod her
og med hjelmprydt hovud
heimsøkte Atle,
at du sat i salen
solklåre dagar
og let norner gråte
yver nåbleike lik
og let hunske skjoldmøyar
setja til horvi
og Atle sjølv du
i ormegard hivde;
no ormegarden
er opna for dykk.»


18.
GUNNAR kvad:
«Seint er no, syster,
å samle nivlungar.
Langt er å leite
etter lydar til hjelp,
frå Ros-mo-fjelli [ved Rin]
å råke sine menn.»


19.
Fast dei Gunnar
med fetlar bende,
basta og bunden
vart borgunding-venen.


20.
Sjau mann Hogne
hogg med sverdet;
i elden heite
han den åttande heiv.
Soleis skal fræge
og frøkne sellar
veldugt vega
og verja sitt liv.


21.
Gunnar dei spurde,
um med gull no vilde
gotne-kjempa
kaupe sitt liv.


22.
GUNNAR kvad:
«Fyrr skal blodugt,
or bringa skori,
hjarta til Hogne
i handi mi liggje.»


23.
Hjalle or bringa
hjarta dei skar;
blodugt på bord
vart det bori til Gunnar.


24.
GUNNAR kvad:
«Her hev eg hjarta
til Hjalle den blaute,
ulikt hjarta
til Hogne den frøkne.
Det bivrar mykje
på bordet her lagt,
det bivra fulla meir
i bringa på Hjalle.»


25.
Høgt lo Hogne,
då hjarta dei skar
or kvike kjøtet,
han kløktest ikkje.
Blodugt på bord
vart det bori til Gunnar.


26.
GUNNAR kvad:
«Her hev eg hjarta
til Hogne den frøkne,
ulikt hjarta
til Hjalle den blaute.
Det bivrar lite
på bordet her lagt,
det bivra nok mindre
i bringa på Hogne.


27.
Skattane sjå
slepp du no vel.
Når Hogne er hoggen,
i heile verdi
eg veit einast
kvar arven er løynd.


28.
Tvilar eg bar,
når me tvo det visste;
no er eg hugheil,
når han er burte.
Rennande Rin
råde for gullet,
nivlung-arven
frå æser komen!
I leikande byljur
baugane lyse,
heller enn handi
til hunar dei pryde.»


29.
ATLE kvad:
«Køyre fram vogni,
kjempa er bundi.»
Og drotnen var dregen
på daude-veg,
gull-gøymaren,
gjæve kulten.


30.
Atle den rike
reid på Glaum,
millom skjoldringar skreid
skyldingen deira.
Då kvad det Gudrun
Gjukes dotter,
ho heldt att gråten
og gjekk heilt inn i ringen:


31.
«Dei kjem yver deg Atle
eidane no,
dei mange meinsvorne
mot mågane dine;
du svor dei ved sol
og ved Sig-tys berget,
ved rennande dag-hest
og ved ringen til Ull.»


32.
Levande Gunnar
vart lagd i garden,
i kvar ei kråa der
kraup det ormar
i yrjande mengd.
Men endå Gunnar
harmfull harpa
med hendene slo,
strengjene skrall.
So skal kjempur
gullet sitt gøyme
for globeitte sellar.


33.
Frøsande folen
flaug med Atle
frå mordgarden heim
heilt til borgi.
Tunet dunde,
der trampa hestar,
der skramla kjempur,
komne frå skogen.


34.
Ut gjekk Gudrun
Atle til møtes
med gullstaup i hand
og helsa kongen:
«Heil kann hovding
i halli eta
ferske kjøtet
av kalvar feite.»


35.
Det skrall i skåler,
dei skjenkte vin,
til gaman glade
gutar samlast;
skjeggute sellar
skreid inn kåte.


36.
Skirleitte fruga
sveiv med kanna
og øl-kråser baud,
ill i hugen.
Men Atle bleikna,
med beiskt ho tala:


37.
«Dei bloduge hjarto
åt sønom dine
hev du eti
med honning attåt.
No fekk du maten
som mette deg kann;
no fær du nosse deg,
nåbleike gut.


38.
Du slepp kalle åt deg
og på knei setja
Erp og Eitil
unge og fjåge.
Du ser ikkje sidan
frå sessom dine
gull-gutane
geirar skjefte.»


39.
Det braka på benkjom,
dei bura og ylte,
kvendi dei kvein,
og dei kvinkra borni.
Gudrun einaste
aldri der gret
yver bjørnharde brødrar
og borni so gode.


40.
Svankvite Gudrun
gullet strådde,
og raude ringar
ho rette karom
— det gjordest vel rett att —
aldri ho ansa
at ho øydde huset.


41.
U-var Atle
øren seg drakk,
ottelaus var han
og utan våpen.
Han trudde at leiken
linnare gjekk,
som fyrr, då Gudrun
fagnad han gav.


42.
Blæja ho gav
blod å drikke,
og handi hel-fus
hundane løyste.
Heite brandar
heiv ho mot dørom.
So hemnde ho brødrar.


43.
Ho til elden gav alle
som inne der var,
timbra ho fall,
forn tyri rauk;
budlunge-borgi
brann der all,
skjoldmøyar brann,
sokk inn i elden.


44.
Det er fullrødt um dette.
Det fèr ikkje sidan
ei brynje-brur slik
og brødrar hemner.
Ho heve tri
tjodkongar
sendt til Helheim,
fyrr sjølv ho fylgde.


Gløggare vert det fortalt um dette i det grønlandske Atlemål.