Sigerdrivemål

Sigurd reid upp på Hindarfjell. På fjellet såg han eit stort ljos, um det brann eld, og ljosken stod til himmels.
1
Elden øste
og jordi ho skalv,
høgt til himmels
hivdest logar;
fåe var fuse
av fræge kjempur
yver eldhav
inn å ride.

2
Sigurd sverdet
sette i Grane;
elden dovna,
der han reid fram,
og logen lægdest;
han leika frøken,
med gude-gullet
glitra og skein.

Då han kom innåt, so stod der ei skjoldborg, og eit merke stakk upp frå borgi. Sigurd gjekk inn i borgi og såg då at der låg ein mann og sov i full herbunad. Han tok fyrst hjelmen av hovudet hans og du såg han at det var eit kvende. Brynja sat so fast som um ho var grodd til skinnet. Då skar han brynja med Gram ned frå halsen og ut igjenom båe ermane. So tok han brynja av ho. Men då vakna ho og sette seg upp og såg Sigurd og mælte:

3
”Kva beit brynja
kven brigde svevnen?
kven heve hugen
or helorom vakt?”
HAN svara:
”Sigmunds-sonen
sverdet brukte,
som mange ramnar
hev mett med kjøt.

4
HO kvad
”Longo eg sovna,
lenge eg sov
lengre rådde lagnad tung;
det Odin valda
at eg ikkje kunde
blundgalder brjote.”

Sigurd sette seg ned og spurde um namnet hennar. Ho nemnde seg Sigerdriva og var valkyrje. Ho sa at tvo kongar striddest.

5
[Hjelmgunnar het
hovdingen fræge,
herfader hadde
lova honom siger;]
ein annan het Agnar
var Auda sin bror,
som ikkje noko vett vilde hjelpe.

6
Gamle kjempa
i Godtjod-landi
Hjelmgunnar, eg
til Hel lét gange,
gav siger til unge
bror åt Auda,
då vart Odin
ov-vreid på meg.

7
Han meg stengde med skjoldar
i Skate-lunden,
raude og kvite.
han i rad dei sette;
einast den fekk slite
svevnen tunge
som aldri reddhug hev kjent
rise i bringa.

8
Kringum min salen,
mot sud han horver,
lét han logar
leike høgt;
og einaste han
fekk yver der ride,
som førde meg gull
som Fåvne åtte.”

Sigurd bed ho lære seg visdom, um ho viste tidender frå alle heimar.

9
SIGERDRIVA kvad:
”Heil vere Dag,
heile Dags søner,
heil Natt med nærskylde
Med milde augo
på oss de skode
signe oss sitjande her!

10
Heile æser,
heile åsynjur
heil deg heilage jord,
mål og mannvit
vere meg og deg gjevi
og lækjande hender i livet.”

Ho tok då eit horn fullt med mjød og gav han minnedrykken.

11
Ho kvad:
”Bjor eg byd deg
brynje-skakar.
som med makt er mengd
og manndoms ord,
som songar syng
og signande ord,
gode galdrar
og gamansruner.

12
Du lyt siger-runer kunne,
vil du siger hava
skjer dei på sverdhjaltet inn,
sume på tangen
sume på eggen
nemn so tvifaldig Ty

13
Du må alruner kunne
skal ’kje annar kone
svike di trygge tru,
på horn dei riste
og på hande-baken
og merke på naglen naud

14
Du staupet signe
og sjå deg fyre
og leggje lauk i drykk,
då eg det veit
det vert deg ‘kje gjevi
meinblanden mjød

15
Du skal bergruner kunne
um berge du vil
og løyse litle barnet,
legg dei um led
og på loven rist dei
og bed so diser um berging

16
Du brimruner riste,
um berge du vil
siglhestar på sjø,
du på stamn dei rist
og på styrebladet
svid dei på årom inn,
aldri er båra so bratt
eller bylgja so svart,
du kjem då heil av hav.

17
Du limruner lære,
vil du lækjar vera
og skyna deg rett på sår;
på bork dei rist
og på bjørke-leggen
når greinene grivlar mot aust

18
Du lyt målruner lære,
som kann mang ein hindre
din harm med vondt å hemne;
dei du vinde,
dei du veve,
og dei alle saman snu
på tinget der,
som tjoder skal
fara og felle dom.

19
Du skal hugruner lære,
vil du hævare vera
enn alle andre menn.
Ropt dei riste,
Ropt dei tydde;
dei Ropt i hugen rann
frå drykken den,
som dropi hadde
frå Heiddraupnes haus
og Hoddrovnes horn.

20
På berget stod han
med Brimes sverd,
på hovud hjelm kvilde;
då Mims hovud
mælte vise ord
og sae sanne bod.

21
Kvad dei riste på skjold,
sam stend fyre strålande guddom
på Årvaks øyra
på hjul som rullar
under Rognes vogn,
på Sleipnes tenner
og på slede-bandi.

22
På bjørnelabben
på Brages tunge,
på ulve-kloi,
på ørne-nebben,
på bloduge veng,
på bru-hovud,
i lóven og sporet
til lysande norn.

23
På glas og på gull
og på gagnlegt yrkje,
I vin og vørter,
på viljesessen,
på Gungnes odd
og på Granes bringe,
på norne-negler,
og på ulve-nebb.

24
Dei vart alle av skavne
som inn var riste
og mengde med heilag mjød
og sende på vide vegjer,
hjå åsom dei er,
hjå alvom dei er,
sume hjå vise vaner,
sume hev mannheims menn.

25
Det er bokruner,
det er bergeruner,
og alle alruner
og maktruner mælte,
kann du dei u-skjemde,
kann du dei u-spillte
dei til heil hava,
nyt det du kann nema
alt til gudar øydest.

26
No velja du skal.
val er deg bodi,
sverd svingar rappe:
Segja hell tegja.
du sjølv deg råde,
men lagnaden likevel styrer.”

27
SIGURD kvad:
”Ei mi forloge flyr eg
um feig du meg veit,
blaud er eg ikkje boren;
godt eg gøymer
dine gjæve råder,
so lenge som eg lever”

28
SIGERDRIVA kvad:
”Den rådi er fyrst:
frendane dine
verje du og verne;
du seint deg hemne,
um harm dei gjer deg,
etter dauden det batar deg best.

29
Rådi den andre:
Når du eid skal sverja,
steinfast skal det stande;
ill hemn fylgjer
den som ordet sitt bryt,
verjelaus varg er han.

30
Rådi den tridje:
på tinget du aldri
valle med vitlaust folk,
for uklok mann
ofte mun segja
verre ord enn han veit.

31
Rådi den fjorde:
um du fèr på vegjer
der treiske trollkvende bur,
gange er betre
enn gjeste der,
um og natti er nær.

32
Gløgge augo
må guten hava,
skal han i striden ut;
sløge kvende
sit ved vegom,
kann døyve sverd og sinn.

33
Rådi den femte:
um fagre møyar
glide du gaumar.
lat dramb-droser aldri
dåre din hug,
speleg er stolen kyss.

34
Rådi den sette
sit du med menn,
som øser seg upp med øldrykk;
drukne drengjer
for dei du røme,
vin stel vitet frå mang ein.

35
Drykk og dragsmål
hev drengjer hæve
sut og saknad valda,
bane-beigen
eller brest i hugen,
ja mein og mødur mange.

36
Rådi den sjuande:
um du sak hev imot
drengjer djerve i hug,
berjast er betre
enn brend å verte
inne i eigen gard.

37
Rådi den åttande:
du ill-ferd vande
og haldt ikkje hugen fal;
dåra ‘kje møy
hell manns kone,
ilt er giren å eggje.

38
Rådi den niande:
ned grav daude,
kvar du dei finn for din fot,
anten dei sottdaude er
eller på sjø blivne
eller med våpnom vegne.

39
Du laug skal laga
åt dei som lidne er,
två hender og hovud;
dei kjembde og stelte
skal i kista fara,
bed at dei sælt fær sova.

40
Tiande rådi:
Tru ikkje vel
son til fallen fiende;
ofte bur ulv
i den unge sonen,
um boti han tok som du baud.

41
Sorgi og suti
søv ikkje lenge
og ikkje harmen heller;
våpen ei vante,
vit inkje heller
hjå han som hovding skal vera.

42
Rådi ellevte:
du aldri gjere
vondt mot nokon ven,
langt ei tykkjest
deg liv vera unnt
stor strid stend fyre.”