Kvædet um Helge Hjordvardsson

Hjorvard het ein konge. Han hadde fire konur; ei het Alvhild, son deira het Hedin; den andre het Særeid, deira son het Humlung; den tridje het Sinrjod og deira son het Hymling. Kong Hjorvard hadde gjord ein lovnad, at han vilde vinne det kvendet han visste vera det venaste. Han spurde at kong Svåvne åtte ei ovleg ven dotter som het Sigrlinn. Idmund het jarlen til Hjorvard; han fór på beleferd for kongen til Sigrlinn. Hann var hjå kong Svåvne heile vetteren. Frånmar het jarlen der, fostre til Sigrlinn; dotter hans het Ålov. Jarlen gjorde at møyi vart nekta; og Atle fór heim. - Atle, son åt jarlen, stod ein dag ved ein lund; men ein fugl sat i greinom uppyver han og hadde høyrt, at mennene hans hadde kalla dei kvendi venast som kong Hjorvard åtte. Fuglen kvitra; Atle lydde etter kva han sagde; han kvad:

    1.
    "Såg du Sigrlinn
    Svåvnes dotter,
    møyi fagrast
    I Munarheim?
    Likevel hæve
    tykkjest Hjorvards
    kvende for gutom
    ved Glases-lund."

    2.
    ATLE kvad:
    "Vil du med Atle,
    Idmundssonen,
    meir mæle,
    mangvise fugl?

    FUGLEN kvad:
    "Det vil eg, um blót
    du ber meg, gjæving,
    og fritt fær velja
    det eg vil på garden."

    3.
    ATLE kvad:
    "Tak ikkje kongen
    ellers kongs søner
    og ikkje dei fagre
    hovdings frugur;
    tingast vil me,
    som det vener høver."

    4.
    FUGLEN kvad:
    "Hov vil eg hava
    og horger mange,
    gullhyrnde kyr
    frå konge-gården,
    um honom Sigrlinn
    søv på armen
    og u-nøydd den høge
    herren fylgjer."

Dette var fyrr Atle fór; men då han kom heim att, og kongen spurde um tident; kvad han:

    5.
    "Me hev ikkje heppa
    havt me ærend,
    hestane trøytna
    paa høge fjelli,
    Sæmorn laut me
    sidan vada,
    då vart oss nekta
    dotter til Svåne,
    den herleg prydde
    me heim vilde føre."

Kongen baud at dei skulde fara ein gong til, og sjølv fór han med. Men då dei kom upp på fjellet og såg utyver Svåvaland, såg dei brand i landet og store dumbe-ròk etter hestar. Kongen reid ned av fjellet og fram i landet og tok natt-lege ved ei å. Atle heldt vakt og fór yver åi. Han fann eitt hus. Ein stor fugl sat på huset og skulde vakte det, men var sovna. Atle baneskaut fuglen med spjotet sitt; men i huset fann han kongsdotteri Sigrlinn og Ålov, dotter til jarlen, og førde dei båe burt med seg. Frånmar jarl hadde skapt seg i ørnehâm og vàrt dei for hèren med rolldom. Rodmar heit ein konge, bele til Sigrlinn; hann hadde drepi kongen til svåvane og rant og brent landet. Hjorvard konge fikk Sigrlinn og Atle Ålov.


II.

Hjorvard og Sigrlinn fekk ein son, stor og vén; han var tagal; inkje namn feste seg ved han. Han sat på ein haug; han såg nie valkyrjur ride, og ei av dei var sjålegast: ho kvad:

    6.
    "Seint vil du råde
    for ringar, Helge,
    rike Rodulsvollar
    - ørn gol årle -
    um alltid du tegjer,
    endå hardan hug
    du, hovding, syner."

    7.
    HELGE kvad:
    "Kva lét du meg njote
    i namne-gåve,
    du bjarte bruri
    som byd meg namn?
    Vel dine ord
    vega må du,
    inkje gåve tek eg
    utan gjevaren fylgjer."

    8.
    VALKYRJA kvad:
    "Sverd veit eg liggje
    i Sigarsholmen,
    fire færre
    en femti er der:
    eitt er av desse
    alle det beste,
    skjolde-kløyvar,
    slegi med gull.

    9.
    Ring er i handtak,
    hug i midja,
    otte i odden
    for den som eig det,
    frametter eggi
    ligg orm blodut,
    um sverdrygg sveiver
    sleva si rove."

Øylime het ein konge, dotter hans var Svåva; ho var valkyrje og reid sky og sjoø. Det var ho som gav Helge dette namnet og berga han ofte sidan i slag.

    10.
    HELGE kvad:
    "Du er ikkje, Hjorvard,
    heppen i råder,
    um førar elles
    frøæg du stend;
    eld lét du herja
    hovdings bygder,
    endå dei ikkje
    deg utferd gjorde.

    11.
    Men Rodmar råder
    for ringane dei,
    som ættingar våre
    til eige hadde,
    lite mun han
    livredd vera,
    trur alle er daude
    som arv kann taka."

Hjorvard svarar at han vil gjeva Helge hèrfolk, um han vil hemne morfar sin. Då leita Helge upp sverdet som Svåva hade vist han til. So fór han og Atle og felte Rodmar og gjorde mange storverk.


III.

Helge drap Hate jotun, der han sat på eit berg. Helge og Atle låg med skip i Hatafjord; Atle heldt vakt fyrste luten av natti.

    12.
    RIMGJERD, dotter til Hate, kvad:
    "Kven er dei holdar
    i Hatafjorden
    som ligg med skjoldtekte skip?
    Byrgt lèt de
    og briskar dykk trygge,
    kanne meg namnet til kongen!"

    13.
    ATLE kvad:
    "Helge han heiter,
    den hovdingen kann
    ikkje du mein taka;
    freke jarnborger
    um floten hans ligg,
    ikje troll oss tyner."

    14.
    RIMGJERD kvad:
    "Og kva heiter du,
    ovstore kult,
    korleis kallar deg karar?
    Framifrå trudd
    av fylkjer du er,
    med du stamnbu stend."

    15.
    ATLE kvad:
    "Atle eg heiter,
    eg atal deg røynest,
    gyrom er eg gram;
    våt i stamni
    stod eg ofte
    og kjøvde kveldsridur.

    16.
    Kva heiter du tru,
    like-svoltne troll,
    nemn far din, føle tøkja.
    Gjev nede i jordi
    ni raster du låg,
    og bar voks deg på barmen!"

    17.
    RIMGJERD kvad:
    "Rimgjerd eg heiter,
    og Hate far min,
    ovsterk jotun er han;
    mange brurer
    han frå bøndene tok,
    fyrr banehogg Helge gav honom."

    18.
    ATLE kvad:
    "Du heldt deg troll-ty
    kring hovding-skipet
    og låg i fjordmynnet fyre;
    til Rån du rak
    rauste drengjer,
    um staken ikkje der stod."

    19.
    RIMGJERD kvad:
    "Dåra er du,
    i draume gjeng du,
    svevn hev sigi på deg;
    det var mor mi som låg
    på lur etter skip
    og drog Lodvars karar i kav.

    20.
    Kneggje du gjorde,
    gjekk du 'kje skoren
    no svinger Rimgjerd sin svans;
    langt atti du visst
    hev, Atle, ditt hjarta,
    um so du heste-mål hev."

    21.
    ATLE kvad:
    "Heste-makti mi
    du mun vel røyne,
    stigg eg av skip på land;
    hard-banka vert du,
    hugast meg so,
    og set ikkje halen so høgt."

    22.
    RIMGJERD kvad:
    "Stig du i land,
    um du liter på styrken,
    me hittest i Varins-vik;
    side-beini
    skal eg deg fli,
    kjem di i mine klypar."

    23.
    ATLE kvad:
    "Eg flytjer meg ikkje,
    fyrr folk vaknar,
    um hovding vakt eg held;
    ikkje eg undrast,
    ditt u-fryske,
    um du upp under kjølen kom."

    24.
    RIMGJERD kvad:
    "Vakna du Helge
    og viljug gjev bót
    for du Hate hogg med;
    ei natt i kleven
    med kulteneg sove,
    då fær eg beigen bøtt."

    25.
    HELGE kvad:
    "Lodin deg eige,
    ditt leide manntjon,
    tussen i Tolløy bur,
    hundvise jotun,
    haugtroll det verste,
    hendigt høve for deg."

    26.
    RIMGJERD kvad:
    "Ho vil du hava,
    som hamn såg ut
    fyrre natti åt folket;
    drosi gullprydde
    drog frå meg makti;
    ho eine veld
    at eg ikkje kann
    dykk bane-beigen gjeva."

    27.
    HELGE kvad:
    "Høyr no Rimgjerd:
    um eg harmen din bøter,
    seg då gramen greidt:
    var ho for seg sjølv
    med skipi å berge
    eller fór det fleiri saman?"

    28.
    RIMGJERD kvad:
    "Tri gong nie,
    men ei tande fyre,
    mjøllkvite hjelmprydde møy;
    folar riste seg,
    av fakstet det dreiv
    dogg i djupe dalar,
    hagl i høge skogar,
    derfrå kjem vokster og vår.
    skamlegt var alt som eg såg."

    29.
    HELGE kvad:
    "Sjå imot aust,
    slegi deg hev
    Helge med helruner rame;
    på strand og på sjø
    skip er berga
    og siklings menn alle saman."

    30.
    ATLE kvad:
    "Dag er det, Rimgjerd,
    du drygde med Atle,
    til æva di vart all;
    eit sjømerke likt
    til låt du vert,
    der du i steini er støytt."


IV.

Kong Helge var ein framifrå herman. Han fór til kong Øylime og bela til Svåva, dotter hans. Helge og Svåva lovast, og heldt ovleg mykje av einannan. Svåva var heime hjå far sin, men Helge i hernad; Svåva var valkyrje som fyrr. Hedin var heime hjå far sin, kong Hjorvard, i Noreg. Hedin fór einsleg heim og skogen jol-aftan og råka eit trollkvende; ho reid på ein varg og hadde ormar til taumar og baud Hedin fylgje. "Nei", sagde han. Ho sae: "Dette skal du bøte for ved brage-staupet." Um kvelden var det lovnadgjeving: blótgalten vart framleidd; mennene lagde hendene sine på han og gjorde brage-lovnaden. Hedin lova å vinne Svåva, dotter til Øylime, kjærasten til Helge, bror hans; men han trega dette so hardt, at han gjekk og fór villstigar sud yver land til han fann Helge, bror sin.

    31.
    HELGE kvad:
    "Heil vere koma di!
    Kva mun du segja
    av ny-tidender
    frå Noregs land?
    Kva er det som det
    hev drivi heiman,
    med eine du kjem
    oss å finne?"

    32.
    HEDIN kvad:
    "Verre våde
    vart meg funnen,
    [enn eg bror min
    bøte kunde];
    eg hev kora
    den kongeborne,
    bruri di eigi,
    ved brage-staupet."

    33.
    HELGE kvad:
    "Syt ikkje du,
    sannast kann dei
    lovnads-ordi
    åt oss båe;
    meg hovdingen hev
    til holmgang stemmt;
    um tri næter skal
    den striden stande;
    uvisst det er
    um attende eg kjem,
    men eg likevel liter
    på ein lagnad god."

    34.
    HEDIN kvad:
    "DU sae Helge
    at Hedin var verd
    godt av deg
    og gåvur store;
    deg sømer det betre
    sverd å blodge
    enn fred å gjeva
    fiendom dine."

Dette sa Helge av di han hadde fyresviv um feigdi si og um at fylgjune hans hadde vitja Hedin, då denne såg kvendet ride vargen. Alv, son til Rodmar, het den kongen som hadde hasla Helge voll på Sigarsvoll på tri næter. Det vart ein hard strid, og der fekk Helge banesår.

    35.
    Då kvad HELGE:
    "Ei møy reid vargen
    myrke natti,
    av Hedin kravde ho
    honom å fylgje;
    visste ho vel
    at vegast skulde
    Sigrlinn-sonen
    på Sigars-vollom."

    36.
    Helge sende
    Sigar å ride
    til Øylime etter
    eine-dotter hans:
    "Bed ho bu seg
    og brått koma,
    um fylkjeren ho
    vil finne i live."

    37.
    SIGAR kvad:
    "Meg hev Helge
    hit no sendt
    med deg Svåva
    sjølv å mæle;
    deg vil hovdingen
    hitte gjerne,
    fyrr den gjævborne
    gjeng or heimen."

    38.
    SIGAR kvad:
    "Det fall her i dag
    ved Frekasteinen
    hovding den beste
    som beid under soli.
    Alv for sigren
    eine rådde,
    um det denne venda
    vandt turvtest."

    40.
    HELGE kvad:
    "Sæl deg, Svåva,
    du sterk deg halde,
    me finst ikkje her
    i heimen meir;
    av såri stride
    strøymer blodet,
    odden vann alt
    inn åt hjarta.

    41.
    Eg bed deg Svåva
    - mi brur skal'kje gråte -
    at du no vil
    min vilje lyde:
    du breide for bror min
    blæja kvite
    og unge kjempa
    din elskhug gjeve!"

    42.
    SVÅVA kvad:
    "Mælt eg hadde
    i Munarheim,
    då Helge meg traust
    ringar gav,
    at aldri godviljug,
    um eine eg vart,
    ei u-kjend kjempe
    i armen eg tok."

    43.
    HEDIN kvad:
    "Kyss meg, Svåva,
    eg kjem ikkje att
    til Rogheim eller
    til Rodulsfjelli,
    fyrr hemnt eg heve
    Hjorvards-sonen,
    den beste hovding,
    som beid under soli."

Helge og Svåva er det sagt vart uppattfødde.