Skirnesmål

Frøy, son åt Njord, hadde ein dag sett seg på Lidskjalv og såg ut yver alle heimar. Han såg (mot nord), burt i Jotunheimen, og gådde ei fager møy, der ho gjekk frå skålen åt far sin burt til buret. Av dette fekk han stor hugsott. (Då han kom heim, mælte han inkje eit ord, han korkje sov eller drakk, heller inkje torde nokon tala åt han). Skirne het Frøy sin skosvein. Njord bad honom røyne ut Frøy.

    Då mælte Skade:
    1.
    "Ris upp, Skirne!
    Skunde deg stad
    sonen vår å søkje
    og frette han um
    kven som frode drengjen
    vreide mun valde."

    Skirne:
    2.
    "Vondord berre
    d'er von eg fær
    um eg sonen skal søkje
    og fretta han um
    kven som frode drengen
    vreide mun valde."

    Skirne:
    3.
    "Seg meg no, gasta,
    gude-hovding,
    det eg vita vil,
    kvi einsam du sit
    i aude salen
    heile dagen, min drotten."

    Frøy:
    4.
    "Kvi skulde eg segja
    sellen so ung
    tung sut og trege?
    Um Gullstråle bjart
    glimrar all dagen
    lite mi sorg letnar."

    Skirne:
    5.
    "Aldri eig du
    so ill ein trege,
    som meg du 'kje segja må.
    Unge var me
    frå upphav saman,
    me tvo kvarandre kann tru."

    Frøy:
    6.
    "I Gymes-gardom
    gånge eg såg
    ei møy, meg ho hugstal.
    Armar lyste,
    so logar leika
    yver himmel all og hav."

    7.
    "Heitare for møyi
    hugen han brenn,
    enn folk det fyrr hev kjent.
    Men av æser og alvar
    ingen det likar,
    at me saman skal sitja."

(Og for hennar skuld var han so hugsjuk, at han munde ikkje lenge leva, um han ikkje fekk ho. "Men no skal du fara stad og bele til ho på mine vegner." Skirne svara og sa at han skulde fara i sendefernd.)

    Skirne:
    8.
    "Hest du gjev meg den
    som gjeng gjenom røyk
    og leikande mein-logar,
    og det sverdet,
    som sjølvo seg brår
    mot jotun-ætt."

    Frøy:
    9.
    "Eg hest den gjev deg
    som gjeng gjenom røyk
    og leikande mein-logar,
    og det sverdet,
    som sjølvo seg brår
    når djerv dreng ber det."

    Skirne mælte ved hesten:
    10.
    "Myrkt er det ute;
    og me lyt av stad
    yver doggvått fjell fram,
    yver huldre-heimar fram.
    Båe vert me berga,
    eller båe oss tek
    den ovsterke jotun."

Skirne reid inn i Jotunheimen fram til garden åt Gyme. Der var det olme hundar; dei var bundne ved skigardsledet fram-med salen åt Gjerd. Han reid dit som det sat ein hjuring på haugen, og helsa honom:

    11.
    "Seg meg, du hjuring,
    som på haugen sit
    og vardar alle vegar:
    Kor kann eg sleppe
    for sinte hundom
    til unge møyi inn?"

    Hjuringen:
    12.
    "Kvåre er du feig
    eller framfaren alt
    [svein som hera sleng]
    Aldri du slepp til
    å andsynes koma
    med gjæve møyi åt Gyme"

    Skirne:
    13.
    "Alt er betre
    enn umanns-ferd,
    si von lyt ein våge.
    Med dagen viss
    er dauden meg sett
    og heile livsens lagnad."

    Gjerd:
    14.
    "Kvad for ljomande ljod
    lydest her inn
    i høge hallom våre?
    Jordi ho skjelv,
    det skjek i grunnen
    i Gyme sine gardar."

    Terna:
    15.
    "Ein mann her av sâlen
    svinga seg ned,
    no hesten sin han hamnar.
    [Andsynes koma,
    krev unge drengen,
    med gjæve møyi til Gyme.]"

    Gjerd:
    16.
    "Inn bed du han stige
    til oss i sal
    og drikke den mæte mjød,
    endå eg ottast
    at ute her stend
    banemannen til bror min."

    17.
    "Er du ein alv
    eller åsa-son,
    eller av visa vaner komen?
    Kvi fór du åleine
    gjenom frøsande eld
    salen vår å vitja?"

    Skirne:
    18.
    "Eg er korkje alv
    eller åsa-son,
    eller av visa vaner komen.
    Endå fór eg åleine
    gjenom frøsande eld
    salen her å sjå."

    19.
    Elleve eple
    alle av gull,
    dei mun eg, Gjerd, deg gjeva,
    din hug å vinne,
    so du viljen gjev
    til Frøy deg å feste."

    Gjerd:
    20.
    "Elleve eple
    inkje eg tek,
    so ein mann fagnad skal få.
    Aldri i livet
    eg uner Frøy
    til saman å byggje og bu."

    Skirne:
    21.
    "Eg byd deg den ring
    som brend vart
    med unge Odins-sonen;
    åtte jamgode
    det av han dryp
    niande-kvar natt."

    Gjerd:
    22.
    "Meg batar inkje ring,
    um brend han vart
    med unge Odins-sonen.
    Inkje gull vantar
    i Gymes-gardom
    hjå fræge far min."

    Skirne:
    23.
    "Ser du sverdet, møy,
    smalt og globjart,
    som i handi eg hev?
    Huvud mun eg hogge
    av halsen din,
    vil du ikkje vægsam vera."

    Gjerd:
    24.
    "Ovrike tola
    aldri eg gjer,
    so ein mann fagnad skal få.
    Men eg gjet på det,
    um Gyme deg finn,
    då lyt stride sellar røynast."

    Skirne:
    25.
    "Ser du sverdet, møy,
    smalt og globjart,
    som i handi her eg hev.
    For kvasse eggjar
    i koll sig gubben,
    feig vert han, far din.

    26.
    Temjings-tein slær deg,
    tamd skal du verte
    etter min vilje, møy.
    Der skal du svive
    som sidan deg aldri
    ser mann eller møy.

    27.
    På Ørnetuva
    du årle skal sitja,
    nakken mot Mannheim,
    nasen mot Hel.
    Meir du ved mat
    skal leidast enn menn
    av Fråne-ormen tek fæle.

    28.
    Ei bisn du verte,
    når på vegom du kjem.
    Rimne på deg stire,
    alle glo og glire!
    Vidgjetnare vert du
    enn gude-vorden,
    der du gaper bak grindom.

    29.
    I hugen deg suge
    suter og verk,
    tårer vekse av din trege!
    Set deg heran,
    og høyre skal du
    um svidande sut
    og tvifald trege.

    30.
    Deg troll og tramar
    tyne all dagen
    burt-i gygre-gardom!
    Til rimtusse-haller
    du reke kvar dag,
    vanrådd i hug,
    vonlaus i hug.

    31.
    Med eit trihovda troll
    du trøye deg skal,
    eller møykjering morkne.
    Gir deg gløype,
    sott deg suge;
    ver tistelen lik
    som dei tek og slengjer
    tett under toka.

    32 (35).
    Rimgrimne heiter tuss
    som taka deg skal
    nedanfor någrindi.
    Der skal tusular
    kringum tre-rotom
    geiteland deg gjeva;
    yppare drikke
    aldri du fær,
    møy, mot din vilje,
    møy, med min vilje.

    33 (32).
    Til holtet eg gjekk,
    til det grønande tre,
    gambantein å gripe,
    gambatein eg greip.
    Gråt for gaman
    skal gjegn-kreksa hava,
    tårer skal tregen fylgje.

    34 (33).
    Vreid er deg Odin,
    vreid åsa-kulten
    hardt vil Frøy harmast.
    Di treiske kjelle,
    kveikt du heve
    kaldleg gir hjå gudar.

    35 (34).
    Høyre det, jotnar,
    høyre det rimtussar,
    Suttung sine søner,
    kor eg forbyd,
    kor eg forbannar,
    møyi manns gaman,
    møyi manns gagn.

    36.
    Tuss eg rister deg,
    og tri stavar:
    erge og øde
    og utòle.
    So eg rister det av
    som eg riste det inn,
    um det tarvast og tregst."

    Gjerd:
    37.
    "Heil og sæl heller, svein,
    tak staupet det dyre
    fullt av forn mjöd.
    Men etla eg hadde
    at aldri det hende
    eg unnte vaningen vel."

    Skirne:
    38.
    "Ærendi mi
    vil eg all reka,
    fyrr eg rid heim hedan.
    Når vil du lova
    til løynde-ting koma
    med nyte sonen åt Njord?"

    Gjerd:
    39.
    "Barre heiter,
    som båe me veit,
    lunden still og logn.
    Um nie næter
    der sonen åt Njord
    av Gjerd fær gaman."

Då reid Skirne heim. Frøy stod ute og helsa han og spurde etter tidender:

    40.
    "Seg meg det, Skirne,
    fyrr du sâlen legg av,
    og fram gjeng eit fét,
    kva du hev idka
    i Jotunheim
    meg eller deg til mun?"

    Skirne:
    41.
    "Barre heiter,
    som båe me veit,
    lunden still og logn;
    om næter nie
    der Njord sin son
    av Gjerd fær gaman."

    Frøy:
    42.
    "Lang er natt ei,
    lenger er tvo,
    koss kann tri eg trøyte?
    Ofte ein månad
    mindre tottest
    enn halve hi natti som fór."