Vavtrudnesmål


Odin kvad:
1.
"Råd meg no, Frigg;
ei ferd meg lyster,
å vitja Vavtrudne.
Forviten å freiste
forn frøde eg er
hjå den ovkloke jotun!"

Frigg kvad:
2.
"Heime eg helst
Herfader såg
i guda-gardom;
for av alle jotnar
mun ingen so ram
som Vavtrudne vera."

Odin kvad:
3.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
no vil eg vita
korleis Vavtrudne
hev stellet hjå seg."

Frigg kvad:
4.
"Heil du fare;
og heil att kome!
heil du på vegom vere!
Vitet ei svike,
når sjølv Aldafar
med ein jotun skal ordast."

5.
Fór då Odin
ordleik å freiste
hjå den ovkloke jotun.
Halli han fann,
som far til Im åtte,
inn gjekk Ygg strakst.

Odin kvad:
6.
"Heil Vavtrudne!
i hall er eg komen
og vil deg sjølv sjå;
fyrst vil eg vita,
um vismann du er
og ein ovklok jotun."

Vavtrudne kvad:
7.
"Kva er du for mann
som i mine salar
vil antrast med meg i ord?
Ut skal du her
frå halli 'kje koma
utan du meistre kann meg."

Odin kvad:
8.
"Gagnråd eg heiter,
av gonga kjem eg
tyrst til dine tufter;
fagning treng eg
- hev fari lenge -
og une hjå deg, jotun."

Vavtrudne kvad:
9.
"Kvi stend du då, Gagnråd,
på golvet og talar?
Finn deg sess i sal!
Då skal kannast
kven kunnigast er,
gjest eller gamle tul."

Odin kvad:
10.
"Ringe mann
som til riking kjem,
segje det som tarvst, eller tegje.
Ov-svall eg trur
ille kjem med,
skal ein fåst med kaldlege kultar."

Vavtrudne kvad:
11.
"Seg meg, Gagnråd,
der på golvet du stend
og freiste vil din førleik:
kva heiter den hesten
som fram yver heimen
dagen dreg åt folk?"

Odin kvad:
12.
"Skinfakse er det,
som fram den skire
dagen dreg åt folk;
fljotare finst 'kje
fole hjå reidgotar,
av måni det strålar og skin."

Vavtrudne kvad:
13.
"Seg meg, Gagnråd,
der på golvet du stend,
og vil freiste din førleik:
kva er det for øyk
som austan dreg
natt yver gjæve gudar?"

Odin kvad:
14.
"Rimfakse heiter
hesten som dreg
natt yver gjæve gudar;
skumdropar han
slepper kvar morgon;
av det kjem dogg i dalar."

Vavtrudne kvad:
15.
"Seg meg, Gagnråd,
der på golvet du stend,
og vil freiste din førleik:
kva heiter den å-i
som deiler av
millom jotnar og gudar grunnen?"

Odin kvad:
16.
"Iving heiter å-i
som ut skifter
millom jotnar og gudar grunnen;
opi ho alle
ævur skal gange
aldri kjem is på å-i."

Vavtrudne kvad:
17.
"Seg meg, Gagnråd,
der på golvet du stend,
og vil freiste din førleik:
kva heiter vollen
der høvast til strid
skal Surt og dei sæle gudar?"

Odin kvad:
18.
"Vigrid heiter
vollen der høvast
skal Surt og dei sæle gudar;
hundrad raster
han held kvar veg;
der er dei vollen vist."

Vavtrudne kvad:
19.
"Klok er gjesten;
kom upp i benk,
so talar me sitjande saman!
Hovudi våre
me vågar båe,
um gjest er jamklok med jotun."

Odin kvad:
20.
"Seg du då fyrst,
so sant du det håttar,
og vit du hev, Vavtrudne:
kvar upphavet var
til jord og himmel
fyrst, du frode jotun?"

Vavtrudne kvad:
21.
"Av Ymes hold
jordi var skapt,
berg det vart av beinom,
himmel av rimkalde
jotuns hausen,
av blodet bårut sjø."

Odin kvad:
22.
"Seg for det andra,
so sant du er frod
og vit du hev, Vavtrudne:
kvar månen kom frå
som fèr yver mannheim,
og soli sameleis?"

Vavtrudne kvad:
23.
"Mundilføre heiter
far til Månen,
og til soli sameleis,
skiv yver himmel
kvar skapte dag
til årmåls méd og merke."

Odin kvad:
24.
"Seg for det tridje,
so sant du er gløgg,
og vit du hev, Vavtrudne:
kvar dagen kom frå,
som dreg yver heimen,
og natti med nedar myrke?"

Vavtrudne kvad:
25.
"Delling han heiter,
som til Dag er far,
og Natti er dotter til Nór,
gjæve gudar
gav ny og nedar
til årmåls méd og merke."

Odin kvad:
26.
"Seg for det fjorde,
so sant du er frod,
og vit du hev, Vavtrudne:
kvar vetter kom frå
og varm sumar
fyrst til frode gudar?"

Vavtrudne kvad:
27.
"Vindsval heiter,
Vetter sin far,
men Svåsud er Sumars far.
(Vindsvals far
var Våsund kalla,
atal er heile den ætt.)"

Odin kvad:
28.
"Seg for det femte,
so sant du er frod,
og vit du hev, Vavtrudne:
kva for ein jotun
av Yme-lyden
vart fyrst i upphav fødd?"

Vavtrudne kvad:
29.
"Ovmange vetrar
fyrr jord vart skapt,
då var Bergjelme boren,
Trudgjelme heitte
far åt honom
alen av Aurgjelme."

Odin kvad:
30.
"Seg for det sette,
so sant du er gløgg,
og vit du hev, Vavtrudne:
kvar Aurgjelme frå
til Jotunheimen kom
fyrst, du frode jotun?"

Vavtrudne kvad:
31.
"Or Elivågom
stokk eiterdropar
og voks til det jotun vart;
våre ætter alle
sitt upphav hev der,
di er slaget altfor atalt."

Odin kvad:
32.
"Seg for det sjauande,
so sant du er gløgg,
og vit du hev, Vavtrudne:
korleis born han fekk,
den balde jotun,
då der var ikkje gygrar til gifte?"

Vavtrudne kvad:
33.
"Under armen på rimtussen
det olst, er der sagt,
møy og mann saman
fot med fot
til den fræge jotun,
avla ein sekshovda son."

Odin kvad:
34.
"Seg for det åttande,
so sant du er frod,
og vit du hev, Vavtrudne:
kva fyrst du minnest
og fremst du veit,
du den allkloke jotun?"

Vavtrudne kvad:
35.
"Ovmange vetrar
fyrr jord vart skapt,
då var Bergjelme boren;
det fyrst eg minnest
er fræge jotun
då han berga seg på båt."

Odin kvad:
36.
"Seg for det niande,
so sant du er gløgg,
og vit du hev, Vavtrudne:
kvar vinden kjem frå,
som fèr yver våg,
endå ingen ser honom sjølv."

Vavtrudne kvad:
37.
"Ræsvælg han heiter,
sit ved himmelenden,
jotun i ørne-hâm;
av vengjene hans
vind mun koma,
ut yver vide verdi."

Odin kvad:
38.
"Seg for det tiande,
då du soga um gudar
all, Vavtrudne, veit:
kor Njord kom inn
millom åsa-sonom,
- horger og hov
han hev i mengd -
men var 'kje hjå æser alen."

Vavtrudne kvad:
39.
"I Vanaheim skapte
vise makter honom
og sende til gisl åt gudom;
når æva er all,
han att mun koma
heim til dei vise vaner."

Odin kvad:
40.
"Seg for det ellevte
kvar alle dagar
dei svingar sverd i tun;
etter manna-fall stort
frå striden dei rid,
sit sidan i lag saman."

Vavtrudne kvad:
41.
"Einherjar alle
i Odins tun
svingar sverd kvar dag;
etter manna-fall stort
frå striden dei rid,
sit sidan i lag saman."

Odin kvad:
42.
"Seg for det tolvte,
kor du soga åt gudom
all, Vavtrudne, veit?
um rune-løyndom
til risar og gudar
seg sannast det du veit,
du allkloke jotun."

Vavtrudne kvad:
43.
"Um rune-lærdom
til risar og gudar
eg sant kann segja,
for i alle heimar
eg hev vori;
i nie heimar kom eg,
nedanfor Nivlhel,
dit kjem daude menn frå hel."

Odin kvad:
44.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
kva lever av menn
når det lid til dess
av fimbulvetter er faren?"

Vavtrudne kvad:
45.
"Liv og Livtrase,
løynde held seg
i Hoddmimes holt;
av morgon-doggi
sin mette dei fær,
frå dei ætter mun alast."

Odin kvad:
46.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
kvar fær dei sol att
på himmelen slette,
når varg den gamle hev gløypt?"

Vavtrudne kvad:
47.
"Alvròdul ber
ei bjart dotter,
fyrr Fenre den gamle hev gløypt;
brauti til mor si
møyi ho rid,
når gude-dauden er gjengen."

Odin kvad:
48.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
kven er dei droser,
som dreg yver hav
og visst sin veg finn?"

Vavtrudne kvad:
49.
"Tri stor-elvar
yver torpet fell
til Mògtrases møyar;
hamingjur alle
gjenom heimen dei fer,
endå dei hjå jotnom er alne."

Odin kvad:
50.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
kven av æser råder
for gude-eigner,
når Surts loge sloknar?"

Vavtrudne kvad:
51.
"Vidar og Våle
i veom skal bu,
når Surts loge sloknar;
Mode og Magne
skal Mjolne hava,
når Vingne vegen er."

Odin kvad:
52.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
korleis skal Odin
sin avferd få
når det for gudane glepp?"

Vavtrudne kvad:
53.
"Ulven gløyper
Aldafader,
Vidar mun verket hemne;
kalde kjeftar
han kløyve mun
når han vargen veg."

Odin kvad:
54.
"Mykje eg fór,
mykje eg freista,
mykje eg maktene røynde;
kva sa Odin
son sin i øyra,
fyrr han vart boren på bål?"

Vavtrudne kvad:
55.
"Ingen det veit,
kva i upphavs tid
du sjølv sa son din i øyra;
men feig munn eg kvad
um forne runer
og um ragnarok;
med Odin er det
eg antrast heve,
visast vert du av alle."