Oddrun-gråten

Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje få født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her.


1.
Høyrde eg sagt
i sogur forne
ei møy det kom
frå Mornaland.
Ingen på jord
evlde dette:
Heidreks dotter
hjelp å gjeva.


2.
Oddrun det frette,
Atles syster,
at såre sotti
sette ho hardt.
I stallen treiv ho
skjote gangaren,
og ho sâlen
på svarten lagde.


3.
På hesten ho fór
yver flate moar,
ved høge halli
heiv ho seg av,
strauk der sâlen
av svangan hest,
gjekk so heile
halli til endes,
og ho dei ordi
aller fyrst kvad:


4.
«Kva er på ferd?
kva frettest av nytt
um hendingar her
i Huna-landom?»
TERNA kvad:
«Her ligg Borgny
broti av verk,
vena di, Oddrun,
som ventar di hjelp.»


5.
ODDRUN kvad:
«Kven hev valda
vondt åt møyi?
Korleis kom Borghild
so brått fram i dette?»


6.
TERNA kvad:
«Vilmund heiter
venen hennar,
som varme blæja
breidde for møyi
dult for fâren
i fem heile vetrar.»


7.
Det vart ikkje meir
mælt um dette.
Ved knei til møyi
ho mild seg stelte.
Rikt gol Oddrun,
ramt gol Oddrun,
beiske galdrar
for Borgny kvad ho.


8.
Våk og vækje
vart då fødde;
tvo blide born fekk
banen til Hogne.
Sjuke moder
mæle fekk att
og aller fyrst desse
ordi ho kvad:


9.
«So deg hjelpe
holle vette,
Frigg og Frøya
og fleire gudar,
du som Borgny berga
frå brå-dauden.»


10.
ODDRUN kvad:
«Det var ikkje dette
som dreiv meg til hjelp
at verd du vøre
vårkunn av meg.
Eg hev det lova
og laut det halde
allstad hjelpe
når um det trongst.»


11.
BORGNY kvad:
«Ør er du, Oddrun,
og utan vit,
kor kann du koma
med so kaldlege ord?
Fots-føte eg
fylgt deg hev,
som um born til brødrar
me båe vøre.»


12.
ODDRUN kvad:
«Vel eg minnest
det du mælte um kveld,
då eg med Gunnar
gav meg i lag.
Slikt, du sae,
skulde ’kje hende
andre møyar
enn meg einast.»


13.
Sette ho seg
sorgtunge kvende,
tok til å tala
um tregefullt liv:


14.
«Fostra vart eg
i fyrste-salar;
fagnad eg fekk
av dei fremste menn;
i glede og gaman
godt eg unte,
i fem sæle år,
fyrr far min døydde.


15.
Siste ordet
han sa var dette,
då kongen fór burt
til kvila den siste:
dei skulde gull
gjeva åt meg
og gifte meg sudpå
med Grimhild-sonen.


16.
Brynhild fekk bera
brynje og hjelm,
han sa at skjoldmøy
skulde ho vera,
ypparste dros
i allom heimen,
drustaste møy,
um so meisteren vilde.


17.
Med Brynhild i buret
breidde veven,
ho hadde lydar
og land under seg.
Det duna i hei
og heilt upp i sky,
då Fåvnes bane
til borgi kom fram.


18.
Slag vart slegi
med sverd det velske,
so borgi brotna
som Brynhild åtte.
Men ikkje lenge
det leid etter dette,
fyrr alle velur
ho visste fullvel.


19.
Ho var hardsett
til hemn å taka,
det fekk me riklegt
røyne alle.
Gjetord um dette
gjeng rundt verdi,
at saman med Sigurd
ho søkte dauden.


20.
Men Gunnar han fekk
godviljen min,
eg gav meg burt
i Brynhild sin stad.


21.
Atle dei baud
baugar raude
store bøter
skulde bror min få.
Femtan bøar
baud dei for meg,
ei kløv av Granes
gull dei han baud.


22.
Men Atle sae
at aldri tok han
gåvur for meg
av Gjuke-sonen.
Men ikkje me makta
mot elsken stande,
mitt hovud halla
honom imot.


23.
Det mælte mange
av mine frendar
dei hadde til saman
set oss båe.
Men Atle meinte
eg munde vera
fri for lyte
og last i dette.


24.
Men trygg seg segja
i slikt kann ingen,
når elsken øser
og ører hugen.


25.
Sine sveinar
sende Atle
ut på spæjing
i skogen myrke.
Å, aldri skulde
dei set oss dera,
når arm i arm
me uneleg låg.


26.
Raude baugar
baud me dei,
at dei ikkje um det
til Atle tala;
men dei hasta
og heim seg skunda,
og alt dei ubljugt
Atle fortalde.


27.
Men for Gudrun
gøymde dei alt,
det som helst hadde høvt
for henne å vita.


28.
Det glumde og glamra
av gullskodde hestar,
då Gjukes søner
til garden reid fram.
Hjarta dei ut
or Hogne då skar,
men i ormegarden
den andre vart hivd.


29.
Endå ein gong til Geirmund
gjengi var eg,
bjor for buggen
å bryggje eg skulde.
Då byrja han høgt
på harpa låte,
hjelp han vona
av vena si.


30.
Det lyddest so vel
frå Lesøyi inn,
kor såre suter
frå strengom let,
då bad eg ternune
bu seg til,
eg vilde freiste
fyrsten å berge.


31.
Skjott me siglde
sundet yver,
til me øygde
Atle-garden.


32.
Kom der kona
krekande fram,
mor til Atle,
gjev morkna ho var!
Tonni ho grov
inn i Gunnars hjarta.
No ingen kunde
kulten berge.


33.
Eg må deg segja,
strålande viv,
det underlegt er
at eg etter kann leva.
Som mitt eige liv
elska eg han,
sverd-svingaren,
sterke kjempa.


34.
Du sat og lydde,
med eg sae ifrå
um all lagnad ill
som oss hev råka.
I lengt og kjærleik
me livet vårt hev.»


Hermed endar Oddrun-gråten.