Nivlungane vert drepne
Gunnar og Hogne tok då alt gullet, Fåvnes arv. Ufred vart det då millom
gjukungane og Atle, for han gav gjukungane skuldi for Brynhild si
avferd. Dei gjorde semje soleis, at han skulde giftast med Gudrun, og
dei gav henne ein gløymedrykk før ho gjekk med på å gifte seg med Atle.
Sønene til Atle var Erp og Eitil, og Svanhild heitte dotteri til Sigurd
og Gudrun, fyrr ho gjekk med på å gifte seg med Atle. - Sønene til Atle
var Arp og Eitil, og Svanhild het dotteri til Sigurd og Gudrun. - Kong
Atle baud Gudrun og Hogne åt seg og sende Vinge eller Knefrød til dei.
- Gudrun ottast ilt og sende rune-bod um, at dei ikkje måtte koma; og
til jartegn sende ho Hogne ringen Andvarenaut og knytte eit varghår i
han. - Gunnar hadde bela til Oddrun, syster til Atle, men fekk ho
ikkje. Då gifte han seg med Glaumvor, men Hogne fekk Kostbera, sønene
deira var Solar og Snævar og Gjuke. - Men då gjukungane kom til Atle,
bad Gudrun sønene sine at dei skulde beda om liv for gjukungane, men
dei ville ikkje. - Hjarta vart skori ut av Hogne, og Gunnar vart sett i
ormegarden. Han slo på harpe og svævde ormane, men ei øle stakk han i
levri.