Den fyrste Gudrunkvida

Gudrun sat yver Sigurd då han var daud. Ho gret ikkje som andre kvende, men ho var nær ved. å breste av sorg. Både kvende og menn gjekk og vilde hugge ho, men det var ikkje lettgjort. — Det gjeng folkesegner um at Gudrun hadde eti av hjarta til Fåvne, og difor skila ho fugle-mål — Um Gudrun er enn dette kvedi:

    1
    Gudrun fruga
    var ferdug fri døy,
    då sorgfull ho sat
    yver Sigurd daudan.
    Ho gråten heldt,
    ikkje hendene vreid,
    eller krauna og klaga
    som kvende elles.

    2
    Fram gjekk jarlar,
    som full-kloke var,
    den harde harmen
    å hugge dei freista.
    Men gråte kunde
    Gudrun ikkje;
    bringa var sår,
    so ho breste måtte.

    3
    Frægaste frugur
    freista seg då,
    gull-prydde droser,
    Gudrun å trøyste.
    Kvar sitt dei sae
    um suter tunge,
    um hardaste harm
    dei hadde lidi.

    4
    So kvad Gjavlaug
    Gjukes syster:
    ”Eg er på jord
    aller verst plaga:
    eg fem menn
    fræge hev mist,
    tvo døtrar,
    tri systrar,
    åtte brødrar,
    enn eg lever.”

    5
    Men gråte kunde
    Gudrun ikkje,
    so var ho sår
    for Sigurds daude
    og harm i hugen
    for hovding fallen.

    6
    Då kvad Herborg,
    Hunalands droning:
    ”Hardare harm
    eg hev å segja,
    sjau mine søner
    sunnanlands fall,
    eg den åttande miste,
    då mann min stupte.

    7
    Far og mor mi,
    fire brødrar,
    på vågen vart dei
    av vinden svikne,
    då storbåra slo
    yver skipsbordi inn.

    8
    Sjølv laut eg stelle,
    sjølv laut eg bu
    og leggje i lin
    liki deira;
    i eit halvår
    alt det leid eg;
    sut å stille
    skyna ingen.

    9
    Meg fiendar fekk
    fange-taka,
    same halvåret
    hende dette;
    skautet å slette
    og skorne binde
    for kona eg laut
    kvar ein morgon.

    10
    Agelaus heilt
    ho av åbryskap var
    og ho med harde
    hogg meg køyrde;
    eg husbond’ aldri
    hadde betre,
    husfruge aldri
    hadd’ eg verre.”

    11
    Men gråte kunde
    Gudrun ikkje,
    so var ho sår
    for Sigurds daude
    og harm i hugen
    for hovding fallen.

    12
    Då kvad Gullrand,
    Gjukes dotter:
    ”Um du fostre er frod,
    aldri før er då du
    til enkja den unge
    eitkvart segja til trøyst.
    Men lat ikkje liket
    liggje under klædet.”

    13
    Ho brått tok blæja
    burt av Sigurd
    og kasta klædet
    ved kne til Gudrun:
    ”Legg deg innåt
    det ljuve andlet,
    lat handi halde
    um halsen på han!”

    14
    Då let ho syni
    på Sigurd leike,
    og såg kor håret
    var skvett med blod,
    stålkvasst auga
    var stivt og kaldlegt,
    hugborgi, ho,
    var hoggi og skjemd.

    15
    Burt til blæja
    seg bøygde Gudrun,
    med håret det valt
    yver vangar raude.
    Då regn av tårer
    rann ned yver kne.

    16
    I tunge straumar
    tårene rann,
    ho gret høgt Gudrun,
    Gjukes dotter,
    so fuglar flaug upp
    og fór skrikande,
    gåseflokken,
    som fruga åtte.

    17
    Kvad då Gullrand,
    Gjukes dotter:
    ”Millom alle
    menneskje på jord.
    de elska kvarandre
    med kjærleik størst;
    du kunde ‘kje una
    ute hell inne,
    syster mi,
    utan hjå Sigurd.”

    18
    Kvad då Gudrun,
    Gjukes dotter:
    So var Sigurd
    hjå sønom til Gjuke
    som gjæve geirlauk
    på grasvollen stend,
    som bjartaste prydnad
    i perle-bandet,
    som glime-steinen
    lyser i gull.

    19
    Sjølv eg syntest
    stige yver
    Odins eigne
    ypparste møyar.
    Som eit lauvsblad i lunden
    no liti eg er,
    når han hovdingen’
    hæve, er fallen.

    20
    Sårt eg saknar
    i sessen og kvila
    då saman me sat
    på sengi båe,
    målvennen min,
    det veld Gjukes menn;
    veld Gjukes menn
    meg hjarte-mein
    såraste sorg
    for syster si eigi.

    21
    Land og lydar
    skal leggjast øyde,
    for skamleg vart svikne
    svorne eddar,
    ikkje skal Gunnar
    gull njote,
    dei baugane skal deg
    banen gjeva,
    for du sveik dei svorne
    eidar til Sigurd.

    22
    Gaman i gard
    den gongen var det,
    då min Sigurd
    sâla Grane
    og dei til Brynhild
    på bele-ferd reid,
    arme vivet,
    som, ilt valda.”

    23
    Kvad då Brynhild.
    Budles dotter:
    ”Må ho i von
    make og born,
    ho som for Gudrun
    gråten løyste
    og deg i morgon
    målruner gav.”

    24
    Kvad då Gullrand,
    Gjukes dotter:
    ”Teg med treiske
    talar dine,
    ei ufegens-Urd
    hev du alltid vori,
    kvar mann deg elter,
    meinvett du er,
    med sorg du såra
    sjau kongar,
    du venskap spillte
    for viv so mange.”

    25
    Kvad då Brynhild,
    Budles dotter:
    ”Atle veld eine
    alt det vonde.
    bror min boren
    av Budle-ætti.

    26
    At me i halli
    til hune-folket
    såg Fåvne-gullet
    glime på drotnen,
    lenge eg laut
    lide for dette,
    den syni sidan
    eg slapp aldri frå.”

    27
    Ved stolpen ho stod
    og sterk seg gjorde;
    det brann hjå Brynhild,
    Budles dotter,
    eld augom,
    ho eiter frøste,
    der såri ho såg
    på Sigurds lik.

Gudrun gjekk burt derifrå til skogen og øydemarki og fór alt til Danmark, der ho var sjau halvår hjå Tora Håkonsdotter. Brynhild vilde ikkje leva etter Sigurd, ho lét drepa åtte av trælane sine og fem trælkvende. So gav ho seg sjølv banen med eit sverd, soleis som det er fortalt den stutte Sigurds-kvida.