Um Sinfjotles daude
Sigmund Volsungsson var kongen i Frankland, Sinfjotle var den eldste av
sønene, den andre het Helge, den tridje Håmund. Borghild, kona til
Sigmund, hadde ein bror som het . . . . . Men Sinfjotle, stykson
hennar, og . . . . . bela båe til same kvendet, og for den sak skuld
drap Sinfjotle honom. Men når han kom heim, då bad Borghild han fara
burt; men Sigmund baud ho bøter, og det var so ho tok imot desse. Med
ved gravølet bar Borghild øl; ho tok eitr, eit stort horn fullt, og bar
til Sinfjotle. Men då han såg i hornet, skila han at det var eitr i det
og mælte til Sigmund: "Stinn er drykken, far!" Sigmund tok hornet og
drakk det ut. So er sagt at Sigmund var so hardsett, at eitr skadde han
korkje utan eller innan, men alle sønene hans tolde eitr utanpå
kroppen. Borghild bar eit anna horn til Sinfjotle og bad han drikke, og
det gjekk alt som fyrr. Og endå tridje gongen bar ho hornet til han og
lagde hædingsord til, um han ikkje drakk ut. Han mælte no som fyrr med
Sigmund. Denne sa: "Bruk skjegget til sil, son!" Sinfjotle drakk og var
daud med ein gong. Sigmund bar han lange leider i fanget sitt og kom
til ein land og trong fjord, og der var det eit lite skip og ein man på
skipet. Han baud Sigmund å ferje yver fjorden. Men då Sigmund bar liket
ut på skipet, vart båten lasta. Karen mælte at Sigmund skulde fara
innum fjorden. Karen støytte skipet ut og kvarv brått. Kong Sigmund
heldt seg lenge i Danmark, i Borghild sitt rike, siden han vart gift
med ho. Då fór Sigmund sud til Frankland til det riket som hann åtte
der. Hann fekk der til kone Hjørdis, dotter til kong Øylime; sonen
deira var Sigurd. Kong Sigmund fall i slag mot Hundings-sønene, men
Hjørdis gifte seg då med Alv, son til Kong Hjalprek, Sigurd voks der
up, med han var gut. Sigmund og alle sønene hans var langt umfram alle
andre menn i styrke og vokster, djervskap og all dugleik. Sigurd var
likevel den fremste av alle, og honom kallar alle menn i fornsegner
framifrå alle menn og gjævast av herkonger.