Fyrste kvædet um Helge Hundingsbane

1.
Årle i old,
då ørnane gol,
rann heilagt vatn
frå himel-fjelli;
då vart han Helge
hugom-store
boren av Borghild
i Brå-lunde.

2.
Natt var i gard,
norner kom der,
som gjævingen liv
og lagnad sette,
baud han hævaste
hovding verte
og beste buggen
i Budlung-ætti.

3.
Trutt dei tvinna
lagnads-tåttane,
med borger brotna
i Brå-lunde.
Spann og snudde
strengjer av gull,
feste dei midt
under måne-salen.

4.
Aust og vest
dei endane løynde,
der millom låg,
landi åt kongen.
Frenka til Nere
mot nordveg slengde
det eine bandet:
det allstødt halde.

5.
Ikkje nauva
den ylving-ætting,
fødd av unge
møy i elskhug.
I tretoppen ramn
til ramnar kvad
- sat arm og matlaust -:
"eg noko veit.

6.
Sigmund-sonen
stend brynje-klædd
døger-gamal,
no er dagen komen.
Som kjempe-karar
kvass i augo
er varga-venen,
gjer oss til viljes."

7.
Hovding-emne
han hirdmenn tyktest;
no var god-år komme
for kultar, lét dei.
Sjølv kongen steig
av striden ut
gåvur å føre
gramen ungen.

8.
Nemnde honom Helge,
heimla honom Ringstader,
Solfjell, Snøfjell
og Sigar-vollar,
Ringstod, Håtun
og Himinvangar,
bjarte "blod-orm"
til bror åt Sinfjotle.

9.
Upp han voks
hjå vener i lag
i glans og glede
som grøne almen.
Stutt var det
å vente på strid,
då femten vettrar
fylkjeren var.

10.
Han den harde
Hunding fellte,
som lenge hadde rådt
for land og rike.
Gull han gav
til gjævingane,
sparde 'kje skattar
i strid vunne.

11.
Sidan av Sigmunds
sonen kravde
Hundings gutar
gull og ringar.
Hemn dei hovdingen
hadde å føre
for drjugt herfang
og dråp på far sin.

12.
Men bøter hovding
baud dem ikkje
eller skade-jamning
for skyld-folket.
Det var meir von til
vêr full-stridt
med gråe geirar
frå grime Odin.

13.
Fram til her-stemme
hovding fór,
lagd ho var
til Logafjelli.
Frode-fred brast
fiendar millom,
Vidres rakkar
rivsjuke lakkar.

14.
Ned settest hovding,
fellt han hadde
Alv og Øyulv
dev Arastein,
Hjorvard og Håvard
Hundings søner;
øydd var ætti
all til Geirminne.

15.
Fram slo ljoske
av Logafjelli,
og av ljosken
ljoneldar dreiv.
[Ned reid møyar
tri gonger nie]
høge, hjelmdekte
frå himmelvangar;
brynjune var
med blod sprøytte,
strålar stod det
av spjots-oddom.

16.
Årle spurde
frå ulvehiet
drotnen desse
diser sudrøne,
um med honom
dei heim vil fara,
når kvelden kjem
- med det knatt frå bogar.

17.
Men frå hesten
Hognes dotter
- med striden tagna -
svara kongen:
"I hug oss leikar
andre syslur
enn æl-kanna
med karar tøme.

18.
Far min heve
fest meg burt til
grime guten
Granmars-sonen.
Men eg hev, Helge,
Hodbrodd neist
og "kattunge" kalla
kongen djerve.

19.
Men fylkjeren kjem
um fåe næter,
utan til strid
du stemner honom
eller du møyi
med makt tek frå han."

20.
HELGE kvad:
"Ottast ikkje
for Isungs bane!
Her sverd skal syngje
so sant jeg lever."

21.
Sveinar sende
styraren ut
yver hav og heia
herhjelp å vinne
og riklett bjode
det raude gull
til gasta karar
og kjempe-gutar.

22.
"Lat renne hest radt
til Regintinget
og Sporvitne
til Sparinsheii
og Melne og Mylne
til Myrkeskogen;
lat ingen mann
etter sitja,
som beiske branden
å beite hev lært.

23.
Bed dei skjotleg
til skipi gange
og burt frå Brandøy
bu sig til ferd."
Drygde der drotnen,
til dit det kom
hopetals hermenn
frå Hedins øyi.

24.
Og der frå strandi,
frå Stamnsneset,
gleid det skip ut,
med gull var dei prydde.
Helge spurde
Hjorleiv um dette:
"Hev du anna
dei karane gode?"

25.
Den unge hovding
den andre svara,
det seint var å telja
frå Trane-øyri
langhovda skip
med leidingsmenn,
der i Orva-sund
inn dei siglde.

26.
"Tolv hundrad
trauste karar
- ein tvifald herflokk
i Håttun er,
som kongen styrer -
strid er det von til."

27.
Slo styraren
stamntjeldi ned,
so heile flokken
av herfolk vakna,
og djerve gutar
dagsbruni såg.
Heiser dei so
på høge mast
vindsegli upp
yver Varins-fjorden.

28.
Årar umde,
og jarn glumde,
skjoldar ringla,
og vikingar rodde.
Kongesfloten fljot
flaug med kjempom
og langt ut frå land
leikande gjekk.

29.
Ikke annleis
for alle det høyrdest,
når kaldbåra klappa
kjølar lange,
enn som berg brotna
i brim-sjøar.

30.
Helge bad hisse
høge segl til topps;
ingen frå leiken
vilde undan røme,
då ogjelege
Æges dotter
vilde sjøhestane
støype i kav.

31.
Men høgt frå himmel
hugdjervt Sigrun
folki fridde
og farkostar med.
Ramt vart rivi
Rån or handi
gjævings sjøhest
ved Gnipalund.

32.
Um eftan saman
i Unavågom
fagert budde
flaut skipi.
Frå Svarins-haugen
såg sjølve-folket
med harm i hug
heren koma.

33.
Gudmund, boren
av godt folk, spurde:
"Kven er hovding
som hermenn styrer
og folke-tyning
fører til land?"

34.
Sinfjotle svara
- slengde upp i rå
den raude skjolden
med rand av gull;
sundvakt var han,
som svara kunde
og med adels folk
ord skifte -:

35.
"Seg det i kveld
når svini du gjev
og bikkjune dreg
til soll-bytta,
at ylvingar er
austan komne
stridfuse gutar
ved Gnipalund.

36.
Der vil Hodbrodd
Helge finne,
framfusingen
midt i floten,
han som ofte
ørnar metta,
med du ved kverni
kysste trælmøyar."

37.
GUDMUND kvad:
"Lite den guten
gamal sed veit,
når han slarvord
slengjer på godtfolk.
Men ulve-åte
eti hev du,
og brødrar dine
til bane vorti,
sår du ofte
saug kaldhuga,
ufjelg for alle
du i urdi drog deg."

38.
SINFJOTLE kvad:
"Du var volve
på Varins-øy,
di leide kjering,
og lygn bar i hop;
ingen annan
du eige vilde
avsverdkultar alle
utan Sinfjotle.

39.
Var so, ditt stygge
skass, valkyrje
ilsk og atal
hjå Allfader.
Alle einhverjar
i ugynster rauk
for di skuld berre,
brikne tøkja.

40.
Saman ól me
på Sågu-neset
ulvar nie
eg var far deira.

41.
GUDMUND kvad:
"Far var du ikkje
til fenres-ulvar,
men eldst av dei alle
er du fulla;
dei greip og skar deg
i Gnipalunden
tusse-møyann
på Torsneset.

42.
Sigars stykson
smaug du i røysom
van til varg-ul
på vill-heii.
Alt slag ufryskje
åt deg kom der,
då du bringa
på brømrom flengde,
ved våe-verk
vart du namnspurd."

43.
SINFJOTLE kvad:
"Brur til Grane
på Bråvoll var du,
ferdug til sprang
du stod gull-beisla;
i mangt eit renn
reid eg deg trøytt,
svang under sal,
som ei simle fór du."

44.
GUDMUND kvad:
"Lite til kar
laut du vera,
då du geiter
hjå Gullne mjølka.
Eller du hugsar
Imd si dotter,
fille-flyssa
- vil du freiste deg meir?"

45.
SINFJOTLE kvad:
"Fyrr eg vilde
ved Frekastein
ramnar mette
med rå-slaget ditt,
enn slike bikkjur
åt bytta draga
eller galtom gjeva
- gramen take deg!"

46.
HELGE kvad:
"Meir, Sinfjotle,
det sømde seg dykk
meg hoggi kvasse å hygje ørnar
enn til unyttes
ord å skifte,
endå um hat
i hovdingar brenn.

47.
Godlåtne er 'kje
Granmars søner,
men sanning høver
hovdingar best;
og mark til dess var
i Moinsheimom,
at til sverdleik
stod han hugen."

48.
I strjukande tan
tok dei av stad,
Svipud og Skjekkjud
til Solheim skal nå
gjenom doggfulle dalar
og døkke lidar;
skodd-moar skalv,
der sveinane fór.

49.
Høg under hjelm
Hodbrodd stod ute
sitt ættfolk han kjende
att på ridet:
"Nauvar det noko
nivlungane?"
Dei i tunledet
drotnen møtte.

50.
GUDMUND kvad:
"Fram gjeng fylkingar
femtan på land,
og ute i Sogn
er sjau tusund til.

51.
Her ligg i grindom
ved Gnipalund
blåsvarte brimdyr
budde med gull,
vonom større
er styrken der,
snart til spjot-ting
stemner Helge."

52.
HODBRODD kvad:
"Send bod til Hogne
og båe Rings-sønom,
Atle og Yngve
og Alv den gamle,
gjerne dei gnassane
gjeng i bardage.
Her skal volsungar
helsing få varm.

53.
Som gråe stormsky
å sjå det var,
der fram oddar flaug
ved Frekastein.
Jamt var Helge,
Hundings bane,
fremst i fylking,
der folki bardest,
skobeitt i strid.
seinfør til flukt,
fulla hard-hausen
hadde giren.

54.
Frå himmelen sveiv
skjoldmøyar ned;
med her-gnyet vaks,
dei varna kulten.
Då kvad Sigrun
- oddar surra,
med vargar velta
seg yver valen -:

55.
"Heil skal du sigren,
hovding, njote,
og Yngves ætt-stav
skal una fullvel,
når framfuse kongen
fellt du heve,
han som øydde
Æge sitt liv.

56.
Og høge herren
høver båe;
druste drosi
og dyre ringar.
Heil du have
Hognes dotter,
og i Ringstader
rik du njote
siger og sæle,
på strid er det ende.