Allvismål

Allvis kvad:
1.
"Benkjer er breidde
bruri ho skal
heim fylgje meg få.
Hastverk i slike
høve det trengst;
fyrst heime trygd ein hev!"

Tor kvad:
2.
"Sjå for ein bengel
so bleik um nasar,
var du i Nåheim i natt?
Tusse-gjeld du
tykkjest hava,
bruri er deg inkje bori."

Allvis kvad:
3.
"Allvis eg heiter,
under jordi eg bur,
under stein min heim stend.
Løn for våpni
vilde eg få
ingen bryt gjeve ord."

Tor kvad:
4.
"Ordet eg bryt;
kven bruri skal få,
det fulla er faren si sak.
Eg var langt av leid,
då du lovnaden fekk;
for henne rår einast eg."

Allvis kvad:
5.
"Kva er det for ein rekar,
som råde vil
yver bjartfagre brur?
Slik faraflein,
som fåe kjenner;
av kven reknast du for kar?"

Tor kvad:
6.
"Vingtor eg heiter,
hev vide reikna,
eg son er til Sidgrane.
Aldri eg deg
til ungi drosi
mitt gjav-yrde gjev."

Allvis kvad:
7.
"Sætte me skal
snarleg verte, -
gjav-yrde du meg gjev.
Vesal eg vert
um i von eg skal må
den mjell-kvite møyi."

Tor kvad:
8.
"Aldri mismùn eg gjer;
møyi ho skal
di, vise gjest, vera,
um frå kvar ein heim
du kann meg segja
alt som eg vil no vita.

9.
Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga
eg vonar, dverg, du veit:-
seg kva jordi,
som ut seg breider,
heiter i kvar heim?"

Allvis kvad:
10.
"Jord i Mannheim,
hjå æser fold,
vegar segjer vaner,
i-grøn jotnar,
alvar groande,
aur uppheims gudar."

Tor kvad:
11.
"Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga
eg vonar, dverg, du veit:
seg kva himmelen,
av hav runnen,
heiter i kvar heim?"

Allvis kvad:
12.
"Himmel i Mannheim,
høgkvelv hjå gudar,
vind-vevar hjå vaner,
segjer uppheim jotnar,
alvar fagerloft,
dvergar drjupande sal."

Tor kvad:
13.
"Seg meg då, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun månen
som menneskja ser,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
14.
"Måne i Mannheim,
mule hjå gudar,
kvervande kvel i Hel,
skundar hjå jotnar
skin hjå dvergar,
segjer alvar årmål."

Tor kvad:
15.
"Seg meg då, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun soli,
synt for alle,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
16.
"Sol i Mannheim,
sunna hjå gudar,
hjå dvergar Dvalins svik,
segjer gloheit jotnar,
alvar fagerhjul
ålskir åsa søner."

Tor kvad:
17.
"Seg meg då, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun skyer
med skur og uvêr
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
18.
"Sky i Mannheim,
skur-von hjå gudar,
vindflot segjer vaner,
ur-von jotnar,
alvar vêr-kraft,
hylje-hjelm i Hel."

Tor kvad:
19.
"Seg meg då, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun vinden,
som vidt fer ikring,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
20.
"Vind i Mannheim,
vivrar hjå gudar,
kneggjar stormakter segjer,
ylar hjå jotnar,
hjå alfar dùn-fare,
kvinar han kallast i Hel."

Tor kvad:
21.
"Seg meg då, Allvis;
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva den lygna
som liggje skal,
heiter i kvar heim?"

Allvis kvad:
22.
"Logn i Mannheim,
lògje hjå gudar,
vind-dòv segjer vaner,
òv-ly jotnar,
alvar dag-dus,
dvergar dagsfred segjer."

Tor kvad:
23.
"Seg mig du, Allvis -
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun sjøen,
der sveinane ror,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
24.
"Sjø segjer menn,
skipsveg gudar,
våg segjer vaner,
ålheim jotnar
alvar øl-vyrkje,
dvergar djup-havet segjer."

Tor kvad:
25.
"Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga,
vonar eg, dverg, du veit:
kva mun elden,
som for alle brenn,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
26.
"Eld i Mannheim,
hjå æser lòge,
glo-våg hjå vaner,
frèke hjå jotnar,
øydar hjå dvergar,
hastar dei segjer i Hel."

Tor kvad:
27.
"Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun skogen,
synt for alle,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
28.
"Ved hjå menn,
vollfaks hjå gudar,
dei hei-tang segjer i Hel,
eldvyrke jotnar,
alvar fager-grein,
vònd segjer vaner."

Tor kvad:
29.
"Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva mun natt,
Nor si dotter,
heite i kvar heim?"

Allvis kvad:
30.
"Natt i Mannheim,
naudsvart hjå gudar,
grime, veit eg, hjå vaner,
u-ljos hjå jotnar,
hjå alvar svevngaman,
draume-hildr hjå dvergar."

Tor kvad:
31.
"Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva det sædet,
dei sår i verdi,
heiter i kvar heim?"

Allvis kvad:
32.
"Bygg i Mannheim
bar hjå gudar,
vokster segjer vaner,
etande jotnar,
alvar øl-vyrke,
nipen det heiter i Hel."

Tor kvad:
33.
"Seg meg då, Allvis -
koss alt er laga,
eg vonar, dverg, du veit:
kva det øl
som alle mann drikk,
heiter i kvar heim?"

Allvis kvad:
34.
"Øl i Mannheim,
hjå æser bjor,
væte segjer vaner,
reint mauk jotnar,
mjød i Hel,
sumbl hjå Suttungs søner."

Tor kvad:
35.
"So mykje forn-frøde
eg fyrr i eitt brjost
aldri sanka såg.
Men stygt er du sviken,
eg segjer deg no:
sjå dagen kjem yver deg, dverg!
no skin det sol i salen."